Kreative Trøndelag
Trondheim Katedralskole > [Forside elementer] > DET SKJER: > Katedralskolen fylte katedralen

Katedralskolen fylte katedralen

Elever fra musikk framfører dans, musikk og sang fra 1300-tallet.

Siste skoledag før påske samlet elever og ansatte seg i Nidarosdomen til påskeavslutning. Temaet under årets påskemarkering var skolens nære tilknytning til Nidarosdomen, der publikum fikk høre et svært interessant foredrag med tittelen "Kateter og katedral - kunnskapens sju søyler", ved Øystein Ekroll. Katedralskolens historie går hånd i hånd med Norges nasjonalhelligdom. Det vet vi å sette pris på! Publikum fikk i tillegg høre hvordan katedralen har vært, og er, et viktig pilegrimsmål.

Katedralskolens musikk- og danseelever holdt publikum i ånde med sitt kammerorkester, dans og kor. Koret bestod av musikkelever fra alle tre trinn. De fremførte Postquam calix Babylonis. Et verk som ikke har vært fremført av elever fra Katedralskolen (i Nidarosdomen) siden reformasjonen.

 

Under kan du lese om Trondheim Katedralskole og Nidarosdomens historiske bånd.

«Kateter og katedral – kunnskapens sju søyler»

Skrevet av Øystein Ekroll.

Velkomne til den finaste bygningen i landet vårt.

Gjennom minst 850 år – det er like mange årskull med elevar – har elevane ved Schola Cathedralis Nidrosiensis hatt sin gange her i Domen, mellom disse veggane som vi har omkring oss her. Ein del av veggane er meir enn 850 år gamle, mange er yngre, men det har aldri skjedd at sangen har stilna mellom disse veggane trass i brann, forfall og fiendeoverfall og okkupasjon. Sjølv om sangen kunne få nye former, så er musikken i utgangspunktet den same. Vi sit i den delen av kyrkja som heiter skipet, kanskje fordi det liknar på eit skip som er snudd opp-ned, eller kanskje mest fordi den kristne kyrkja er blitt samanlikna med eit skip på havet. Her i skipet hadde lekfolket eller folk flest sin plass. I den andre enden har vi koret, og der hadde i mellomalderen koret, som også bestod av katedralskulen sine elevar, sine plassar.

Bygningen omkring oss kan virke overveldande i all sin prakt, men dersom vi bruker tid så kan vi analysere og bryte ned bygningen til enkeltelementer, og studere korleis dei enkelte elementa er sett saman til større enheter som smeltar saman til eit heile, eit totalkunstverk, omtrent på same måten som tonar og harmoniar er komponerte saman til eit musikkstykke. «Musikk er flytande arkitektur, og arkitektur er frossen musikk», sa det tyske universalgeniet Goethe for over to hundre år sidan. I så fall er Nidarosdomen eit overdådig stykke musikk som kombinerer dei fleste kjende musikkformer.

Katedralskulen og katedralen høyrer intimt saman, ordet katedral kjem jo av det greske ordet kathedra som betyr rett og slett stol og peiker på biskopen sin stol i koret, altså bokstaveleg talt eit bispesete. Ordet kathedra er også utgangspunktet for kateter som kanskje enno finst i klasseromma, og som var ein lærestol, ved at berre læremeisteren hadde stol og elevane sat på benkar utan ryggstø. Kanskje ikkje noko å kopiere i dag?

Men katedralskulen og katedralen heng saman på andre og viktigare område. Utan den undervisninga som denne og andre katedralskular gav, kunne ingen slik katedral som Nidarosdomen byggast. Katedralen omkring oss er eit fysisk uttrykk for middelalderens lærdom og undervising, og for å kunne forstå denne forbindelsen må vi også vite litt om kva ein lærte i katedralskulen den gang.

Skulen sin formålsparagraf sa tidlegare at skulen skulle gjere elevane til «gagns menneske», altså til nyttige og gode samfunnsborgarar. Men korleis gjorde dei elevane til gagns menneske i mellomalderen? Jo, gjennom ei undervising som var ein fast læreplan gjennom fleire hundre år. Elevane skulle lære sju fag, først tre grunnleggande fag og deretter fire til som utvida horisonten. Vi kan tenke på dei som «kunnskapens sju søyler», for å bruke eit bibelsk uttrykk.

Dei tre grunnleggande faga kjenner vi med det latinske namnet trivium, som betyr «der tre vegar møtes». Disse faga var grammatikk, logikk og retorikk. Kanskje merkelige fag, vil vi tenke i dag, mest passande på universitetsnivå, men i motsetning til vår tids pedagogikk så skulle trivium skape nye mennesker av elevane, som var barn og etter den tids syn dermed uferdige menneske.

Gjennom grammatikken skulle eleven lære å forstå språket si oppbygging, først og fremst latin, men også norsk. Gjennom logikken skulle elevane lære å tenke, å analysere og å skille rett og galt, og dermed lære å forstå sann kunnskap. Og gjennom retorikken eller talekunst lærte elevane å bruke språket på rette måte for å bygge opp argument som kunne overbevise både i tale og skrift. Dermed var eleven blitt eit slags menneske som var i stand til å motta og fordøye lærdom.

Først når språkets grunnelement var på plass – eller rettare sagt banka inn i elevane – kunne ein elev stige opp til neste trinn. Synet på barn og elevar som ein uferdig skapning som måtte tuktast fysisk for å kunne lære, var utbreidd over heile Europa, og det er ikkje tilfeldig at emblemet til Schola Cathedralis Nidrosiensis er eit bjørkeris og ei ferle, ei treskive på langt skaft som kunne svi ekstra godt på kjøttfulle kroppsdelar. I dag er det heldigvis berre eit symbol, men dette var bokstavleg tala harde realiteter til langt opp mot vår tid.

Når elevane kunne flyttast opp til neste trinn var det også eit uttrykk for at eleven var klar til neste steg i den mennesklege forminga. Der besto undervisinga i fire fag, som vart kalla quadrivium, altså dei fira faga eller vegane som også var matematikkens grunnformer. Dei faga som skulle lærast var musikk, aritmetikk, geometri og astronomi. Dette kan høyrast ut som ei merkeleg blanding av fag, men dei heng nøye saman. Vi må også huske at formålet med undervisinga var at elevane skulle bli prestar rundt om i Midt- og Nord-Norge.

Musikken skulle lære elevane å lese musikk og kunne synge. Den katolske messa vart, som namnet seier, framført syngande. Den kyrkjelege liturgien var langt meir dominert av song og musikk enn i dag, husk namnet «koret» i kyrkjene, der koret sto. Middelaldermusikken, som vi gjerne kallar gregoriansk musikk, har også sterkt prega norsk folkemusikk (Døme: Eg heiter Håvard Hedde = gregoriansk sang).

Aritmetikken skulle lære elevane pluss og minus, ganging og deling, og dette var nyttig i samband med handel, og utrekning av dei skattar og avgifter folk skulle betale. Men det gav også innsikt i talla sin mystikk og symbolikk som var svært viktig i middelalderens tankegang. Musikken og aritmetikken var nær forbundne i oppbygging.

Geometrien lærte å skape figurer og forhold i plan og rom, med hjelp av berre tre enkle instrument: passar, vinkel og linjal. Dette er grunnlaget for arkitekturen og byggekunsten. Jorda var ein sirkel, ei skive, kringla heimsins eller Heimskringla, med sentrum i Jerusalem, og vi her i landet kom dermed til å ligge farleg nær kanten. Geometrien var ei av metodene til å forstå og tolke skaparverket, og Gud var «den store geometriker» og er ofte framstilt med ein passar i handa i ferd med å skape jordskiva. Katedralen sin arkitektur er også eit jordisk og synleg uttrykk for den himmelske harmonien, og arkitekten skaper såleis himmelen på jord ved hjelp av det same verktøyet som Gud bruker, nemleg passar, linjal og vinkelhake. På veggane her i Nidarosdomen finn vi såkalte steinhoggarmerke, som er signaturen til steinhoggaren, i form av både passar og vinkelhake.

Astronomien skulle lære elevane å lese gangen til sol, måne og stjerner, for å kunne lære å fastsette alle dei ulike kyrkjelege beveglege festdagane som vart styrde av månefaser (påske, pinse, Kristi Himmelfart) og dei mange helgenfestdagane i løpet av året. Dei måtte lære å bruke eit solur og ein primstav og fungere som lokalsamfunnet sin kalendar. I ei tid utan klokker var mange isolerte lokalsamfunn avhengige av eigne observasjonar for å finne ut når festar skulle feirast, særleg når jula i mørketida midt på vinteren.

Musikken har også spelt ei viktig rolle i oppbygginga av skipet i Nidarosdomen. I 1915, for akkurat hundre år sidan, starta ein kraftig strid om gjenoppbygginga av skipet og vestfronten i Nidarosdomen, det vil seie den delen av katedralen vi sit i no. Problemet var at denne delen av domen var så ødelagt at det var svært få sikre haldepunkt for korleis den øvre delen hadde sett ut i mellomalderen. Det som var bevart omkring år 1900 var faktisk berre dei ytre, lave veggane. Heile den indre oppbygginga over oss var falt ned og fjerna, og over oss var berre luft og himmel. Først i juni 1905, same månad som Stortinget oppløyste unionen med Sverige slik at Norge vart eit heilt sjølvstendig land, vedtok Stortinget også å gjenreise skipet i Nidarosdomen. Men korleis hadde dei forsvunne delane sett ut? Her var meiningane svært delte.

Ein historikar, Fredrik Macody Lund, hevda i 1915 at han hadde oppdaga eit matematisk system som var blitt brukt då skipet og vestfronten først var blitt reist på slutten av 1200-talet. Dette systemet var bygd på det såkalla «gyldne snitt» eller proporsjonen fem til åtte. Macody Lund illustrerte dette ved å vise til at Nidarosdomen var bygd som eit musikkstykke i 5/8 takt. Dette skulle nok demonstrere at geometrien, musikken og matematikken her gikk opp i ein perfekt fysisk struktur.

Skipet, den delen av katedralen vi sit i vart først bygd for om lag 750 år sidan. Det meste av det vart bygd i regjeringstida til Trondheim katedralskule sin mest berømte elev, kong Håkon Håkonsson som vart henta rett frå skulebenken til kongesetet då han var 13 år gammal i 1217, altså for 798 år sidan, og husk at det må feirast om to år! Håkon la også ned grunnsteinen til vestfronten i 1248, og det viktigaste av skipet var nok bygd ferdig før Håkon døde i 1263.

Skipet er også eit synleg uttrykk for politikk og arkitektur i Håkons regjeringstid: Det er bygd i den gotiske stilen slik han var utvikla i England under kong Henry III som Håkon sto i nær kontakt med. Håkon sende gaver til Henry som var kostbare i England, særleg falkar og haukar til kongeleg jakt og eksotiske dyr som ein elg og ein isbjørn til den kongelege dyrehagen i The Tower of London. I retur kom luksusprodukt som ei krone av gull til Håkon laga av kong Henrys eigen gullsmed. Truleg var det også ein engelsk byggmeister som designa dette skipet og sto for bygginga av det, på same måte som ein engelsk byggmeister stod for reisinga av Håkonshallen i Bergen etter mønster av engelske kongehallar.

Den næraste parallellen til skipet si utsmykking er tverrskipet i Westminster Abbey i London som Henry III nybygde, Vi kan også merke oss bruken av marmor i dei kraftige pillarane som kontrast til den mørke klebersteinen. Lenger opp ser vi englerelieffa over dei store arkadebogane på kvar side, slike finn vi berre i Westminster Abbey og katedralen i Lincoln. Øverst ser vi den doble veggen i klerestoriet eller lysetasjen, der det går an å gå mellom den ytre og indre del av veggen, i alle fall dersom du ikkje er svimmel. Og heilt øverst, det 21 meter høge hvelvet – like høgt som eit 8-9-etasjes hus – med den langsgåande midtribba som er eit spesielt engelsk trekk. Nidarosdomen er den mest engelske katedralen utanfor England.

Men vi må alltid huske at arkitekturen berre var ei ramme omkring det liturgiske livet inne i og omkring bygningen, og at den arkitektoniske utforminga var bestemt av denne bruken. Det gjeld særleg bruken av lyd, ved at hvelvingane av stein over kyrkjerommet skulle skape en lang etterklang som var viktig i den vokale gregorianske musikken, og ved riktig stemmebruk kunne ein person gjere seg høyrt over heile dette veldige rommet. Det skal vi no få demonstrert, og vi er glade for at Trondheim Katedralskule fortsatt kan synge her, forhåpentlegvis i minst 850 år til.


Utskriftsvennlig versjon